Vinter på hesteryggen
Endeleg ein fin vinterdag tenkte eg! Og eg har fri! Og eg har komme i form at etter å ha vore fullstendig knekt etter jobbperioden.
Her må eg ut å trena Greta, ho må jo tross alt vera i form til årets store jobb for hesten, juletrehentinga. Hennar tipp-tipp-tipp-tipp oldemor i eit eller anna ledd hadde mykje meir oppgåver enn det Greta har no. Traktoren har for lengst teke over som arbeidshesten, og godt er vel det synest dei fleste. Ein jobb er likevel igjen til hesten, henta juletre. Det blir først om eit par vekers tid.
Det er endå ikkje spesielt kaldt, sånn -20 som det kan bli her, når fingrar og reimer og hodelag er stive og treige. Så det er fint med ein tur, enten i sola, eller som her, rett etter sola gjekk bak fjella, når fargane kjem på himmelen. Det er sjeldan me ser så masse fargar av solnedgangen her. Det er stort sett skyer. Og når det er klart vær er fargane stort sett gøymt bak fjellene som er ganske høge her.
Me fekk oss ein fin tur med skritt, trav og litt uautorisert galopp. Eg er ikkje så flink med hest at eg tør eller kan det med balanse på hesten når ho galopperer. Ho testar meg litt innimellom og ser om eg reagerer når ho går opp i galopp utan at eg spør ho om det. Det er heldigvis lenger og lenger mellom det, sidan ho veit at det ikkje er lov, og at eg ikkje godtek det, og at ho får kjeft om ho gjer det.
Me fekk og tatt juleklyppen av man og hale. Manen legg seg om den vert for lang, og alle veit fjordingar skal ha piggsveis.