Telt og stjernehimmel

Telt og stjernehimmel
Skumring ein kveld seint i oktober

Ein mild oktoberkveld, lufta er farga raudleg av solnedgangen som skin i skyene, det er meldt opphaldsver. Endeleg. Det er sjeldan kost her i vest dei siste månadane, iallefall å mine fridagar. Eg vil prøva å utfordra ein av mine store frykter, å sova i telt når det er mørkt meir enn halve døgnet. Eg har vore ganske mørkredd av meg, fleire år med nattarbeid har gjort ting litt bedre. Det å sova ute har eg aldri klart.

No er tida inne, eg surrar på, får pakka teltet i bilen, reiser avgårde, tenker dette må jo gp bra. Det er endå lyst, når eg kjem fram er det alt skumring, eg er litt treg med å koma meg avgårde. Eg skal greia det tenker eg.

Eg sette opp teltet, tek det obligatoriske bildet, finn ut, nei, eg flyttar det, det er for blautt her, eg set det opp på plassen der bilen står, her er det flatt og tørt. Målet er jo å sova ute når det er mørkt, ikkje bli Lars Monsen. Små steg er lettare enn store steg.

Det blir mørkt, veldig mørkt, tankar som passar best inn i skrekkfilmar snik seg inn. Eg set å ein podcast for å få det litt på avstand. Har den på i 45 min til eg blir irritert av å høyre på andre folk sine tankar, så eg slår det av. Eg ligg, ser litt ut, ser alle stjernene på himmelen, det er ingen lysforuresning her, månen er ikkje stått opp, det er berre meg og mørket.

Eg sovnar, søv heile natta, vaknar i dei tidlege morgontimar av at det er litt kaldt. Breier over meg fjellduken, får varmen i meg igjen. Ligg og ventar på at det skal lysna. Eg står opp, ser det er heilt klart ute, det er frost på teltet og på bilen. Det ser ut som november, kjennest som november. I går var det 14c når eg satte opp teltet, kor vart dei gradene av?

Eg går ein tur, alt kjennest som november for meg, trea har ikkje lauv igjen. Verden er gått i hi, i dvale, det er ventetid på ein ny sommar, samla krefter til ein ny vår. Skogen stpr der naken og seier, det går fint å venta, det er ingenting du må nå no, det kjem ein ny vår. Det blir sommar kvart år, brukte bestemora mi å seie når eg klaga på sein vår, kald vår.