Om venting, bøker, film og strikking

Om venting, bøker, film og strikking
Frå ein annan dag når himmelen var fin og eg ver på veg til Blodbanken

Eg føler meg veldig begrensa når eg ikkje får bedriva trening. Ei natt vakna eg full av panikk for at eg må redusera aktiviteten så mykje så brått. Den beste medisinen for slik panikk er å ha ein plan. Legga ein plan. Så midt på natta sat eg og skreiv ned.

  • Møt opp på trening sjølv om du ikkje kan trena, så mistar du ikkje vanen med å gå. Eg sitte no og ser på dei andre trena Jiu-jitsu.
  • Strikk den gensaren du har tenkt på ei stund, OL gensaren frå Albertville 92. Garn er kjøpt og gensaren er godt i gang.
  • Kjøp nokon bøker og les dei. Nansens siste kjærlighet dumpa nett ned i postkassa mi. Anbefalt av ei i skrivegruppa mi. Eg elskar den så langt. Det gjer meg litt trua på at eg og skal klara å finna nokon seinare ein dag, sjølv om eg føler lite har gått bra til no.
  • Gå gjennom ditt ruskete førsteutkast. Er det noko tekst der du vil jobba vidare med? Eg skreiv 90 000 ord i haust, så dette er ein massiv jobb.
  • Sjå Das Boot, directors cut. Eg elskar tyske menn i ubåt.
  • Sjå Ronja Røvardatter, mi store heltinne og forbilde. Takk og lov for Astrid Lindgren som skreiv boka. Og Hanna Zetterberg som ei fortryllande Ronja i filmen.
  • Lag ein årsoppsumering av kva du har fått til, og mål for neste år
  • Ver snill mot deg sjølv. Dette er viktig uansett om eg er skada eller ikkje. Her har eg ikkje alltid vore så flink før.

Eg har funne ut det går bra å ri på hesten i skritt, trav er ei pine. Me skrittar rundt ute, det er bedre å komma seg ut enn å ikkje gjera noko som helst.

Det gjer mykje mindre ilt enn eg hadde forventa. Det må uansett bli heilt igjen før eg kan gjera så masse, så sofasliting er greia her. Ventetid. Venting på noko som kjem ut på andre sida.