Om

Hei og velkommen til skrivestova mi.

Eg har sysla med å skriva sidan i februar i år når eg tok kurs i kreativ skriving. Det har enda med ein del innlegg på instagram og andre plassar på  den store internetten, og no bestemte eg meg for at det er på tide at inleggene mine får si eiga adresse her.

Eg er byggingeniør og jobbar på Rogfast, det største tunnelprosjektet i Norge. Der held eg meg på Kvitsøy, som er langt ute i havet, iallefall sett etter min målestokk. Eg er opprinnelig frå ein trong dal i indre Sogn, så kystlivet er fjernt for meg. Eg har knapt vore ute i båt som ikkje er ferje, eg har aldri fanga min eigen fisk. Så det maritime livet er eit stykke frå det eg er oppvaksen med og vand med.

Eg har vakse opp med dyr, er vand med å vera rundt store dyr som kyr og hest. Eg har slakta høner, vore med på slakt av gris, sau og kyr. Eg hadde ordel på garen eg kjem frå, men eg er ingen bonde, passar ikkje inn i livet med å gå heime på det samme tunet kvar dag.

Eg har hatt stor utferdstrong så lenge eg kan hugsa, før eg vart ingeniør køyrde eg lastebil, stort sett på asfalten. Der farte eg mykje rundt, var lite heima, levde eit ganske rotlaust liv. Eg har og reist ein del utanom jobb, Australia, Kina, Russland, Hong Kong er av landene som er lengst vekk eg har vore i.  

Tidlegare var eg ein stor lesehest, så ramla eg ned i den store stygge hola som heiter Netflix og andre streaming kanalar, og lesinga ramla ned til eit botnnivå. Eg har med å starta å skriva funne tilbake til gleda med å lesa det andre skriv. Det må jo vere igjen nokon som les det folk skriv, så eg vil vere ein av dei, heller enn å vere ein av dei som har sett den siste tvserien på Netflix.

Eg er aktiv med trenign, og finn stor glede i det å trena, eg trenar styrke, Jiu-Jitsu, går fjelltur og joggar litt. Eg har kvitt belte i Jiu-Jitsu, det er kanskje ikkje nokon stor prestasjon tenker du, men ein må faktisk møte opp for det, og det er meir enn dei fleste gjer.

Eg er aktiv strikkar på vinteren, og er veldig glad i å gå i fargerik strikk.

Alt dette og sikkert endå meir kjem eg til å skriva om her inne på skrivestova mi. Om du vil ha det rett i inboksen når eg skriv er det berre å melda seg på epostlista.