null skam
Eg går ut av 2024 utan kjæreste, i år som andre år. Eg har tidlegare gått og kjent på ein enorm skam over dette. Eg klarar ikkje det andre klarar, ha etablerte forhold, finna nokon som ønsker å vera med meg. No er eg ferdig å skamma meg over det.
Eg er ferdig med å krympa meg og kjenna meg liten når folk seier, ja men du har jo ikkje prøvd, alt ordnar seg om du berre prøver. Eg har prøvd, eg har berre ikkje fått det til. Det er lett for andre å hiva ut slike påstandar. Stråmenn. Så prøver eg febrilsk å forsvara meg mot noko som ikkje er sant.
Eg har prøvd, eg har berre ikkje vore frisk nok til å ta gode valg. Eg har trudd at berre eg finn nokon så ordnar alt seg. Det gjer uansett ikkje det. Det er kun eg sjølv som kan gjere eg har det bra med meg sjøl, ingen sivilstatus kan endra det. Eg har ikkje klart å sjå at sjølvrespekt er viktig. Eg har latt folk behandle meg som dritt, kun for eit flik av håp om eit forhold. Eg har det bedre som meg sjølv enn med folk som behandlar meg som dritt uansett.
Dagens tankar denne 1 juledag.