November så langt

November så langt

Det er på tide med eit nytt reisebrev frå min verden. Novemberverden, ein november som slo hardt ned i år. Grått vær, regn, skyer, vind, lite vind, og no til slutt ein dag med sol. Eg er urolig og søv lite, så det kjem lite fornuftig herifrå føler eg. Når ein søv lite er det så lett å feiltolka folk og verden, så lett å tru det verste om folk, kun fordi ein sjølv har sove lite, og ein sjølv kanskje er problemet då. Så eg har stort sett ramla litt ned på sofaen for meg sjølv med skriving og strikking.

November på Kvitsøy gav litt av alt på værfronten, men me hadde lite vind, spesielt på reisedagane. Eg opplevde derfor lite drama på ferja denne turen. Eg er litt spent på korleis eg kjem til å takla vinterstormane som kjem. Lokalbefolkninga har sagt til meg på ferja at det me har hatt til no er småtteri, og at ein kan køyre småbåt for å dra teiner i slikt vær. Eg er litt over snittet skeptisk til å vera i småbåt i slike bølger. Sidan eg kjem frå ein trong dal har eg meir frykt for bølger enn for stein som faller frå oven, kor rasjonelt det er veit eg ikkje.

Det er veldig grønt der ute så seint på året synest eg, det kjem nok av at dei har 8-11 grader store delar av året.

Eg gjekk kveldstur på turløypa der med hodelykt. Ut til tyskaren sine gamle betongbyggverk, litt for å sjå om eg følte det var skummelt, litt for å lufta hode. Eg fekk lite åndenes makt følelse av det. Eg veit ikkje om det er bra eller dårlig, ville eg eigentlig bli litt skremt der?

Heima var det lite snø i fjellet når eg kom heim frå jobb. Då nytta eg sjangsen til ein overnatting på stølen i år og. Eg har utsatt og utsatt det å sova på stølen, alltid ein ny grunn for korfor ikkje, men no vart det. Eg hadde håpa på ei stjerneklar natt, men fekk skyer. Skumringstimen var fin uansett, sitta inne å fyra i omnen. Eg fekk meg og ein fin fjelltur omgitt av nokon småhissige lemen. Fjellet i november utan snø er fint og spesielt, det er ikkje kvart år det slår til.

Et er fint å ha vedomn å fyra i, det er ei anna kjensle enn panelomn som eg har, og sitte ved sida av på vinteren. Eg tenker at når eg blir stor ein gang skal eg og ha min eigen vedomn. Når blir ein stor eigentlig?

Eg har lest ut The chronology of water av Lidia Yuknavitch og elska den. Etter å ha lest det kan ein g tilbake til å tenka at livet mitt er ikkje så fucka, berre litt fucka og at ting kan gå bra til slutt uansett, sjølv om det ikkje går bra i 20 åra, sjøl om ein aldri blei ein suksess då. Ting kan fiksa seg.

Etter denne har eg mista litt leselysta, må finna noko som er meir lettlest for å komma i gang igjen.