November og desember
Dei siste solstrålane i Harstad. I fjor gjorde eg noko eg hadde tenkt på å gjera sidan for evigheitar sidan, kanskje heilt tilbake til 2007, eg reiste til Nord-Norge på jobb. Korfor tok det meg å lang tid å gje slepp på det eg hadde for å reisa? Frykta for å gå inn i det ukjende?
Det vert med den eine vinteren i nord for denne gangen, før ei øy i havet i Rogaland ventar no til vinteren. Det var ein fin vinter i nord, og den mest spesielle vinteren eg har hatt. Det fint lyset, kaldt vær, kontrastane mellom hav og snødekte fjell.
Det ver mykje lysare enn eg hadde trudd på dagtid. Eg følte ikkje vinteren der som noko verre eller tyngre enn langt nede i ein dal på vestlandet der sola er vekke 4 månadar om året.
Himmelen og havet var farga orange av sola som gjekk sin runde rett under horisonten på klarversdagar. Det var mange av klarversdagane og. Lyset går eigentlig ikkje ann å fanga på mobilkamera, det er må mykje meir intenst i virkeligheita. Eg fekk ikkje med meg speilreflekskameraet i flybagasja.
Flyutsiktene var og heilt eksepsjonelle, djupblå hav og kvite fjell i kontrast til kvarandre. November og desember var ei fin tid, eg var der berre på jobb, køyrde rundt i bil og var inne å kontoret. Eg ville eigentlig stå på ski, vere i snøen og naturen, men skiene stod på vestlandet og tida gjekk med på arbeid og på eit hotell i Harstad.
Det blir snakka om kor fælt været er i nord samanlikna med resten av landet, eg har ikkje opplevd det. Det var ganske normalt, litt mindre regn enn i vest, stort sett bra. Det er helst slik at eg har opplevd vestlandet som regntungt etter eg reiste til vest igjen for å jobba.
Eg har ikkje vore min siste vinter i nord, det er eg fast bestemt på. Blir det ein ny jobb som passar bedre for meg, eller blir det leiligheit, kven veit. Det veit eg ikkje svaret på sjølv eingang. Enn så lenge må eg bruka tida mi ute i havet i Rogaland der temperaturen er 8-12c året gjennom.
Eg gjekk tur til TVtårnet i Harstad, her kunne ein sjå utover byen, og mot fjellene, himmelen var orangre i sør og blå og rosa i nord. Eg såg nordlys og stjerneskot, no er internett drukna av nordlysbilder, så eg lar ve å legga dei her.
Harstad er ikkje spesielt spennande synest eg, det ser heilt standard Nord norge ut, handlesenter, feel24 treningssenter, hotell, veldig tilrettelagd for bil, bygningar som ikkje er spesielt fine. Eg tenker naturen er finare enn det som er blitt bygd her oppe.