Moped, eller motorsykkel
Eg har hatt lyst på lappen og eigen sykkel så lenge eg kan hugsa, men har som regel enten man det herrens koronaår 2020 hadde eg endeleg tid og pengar. Dette kom eg på før korona vart ei greie alle viste kva var, takk og lov for det.
Eg ramla ned i eit stort svart hol når korona blei ei greie, heldigvis hadde eg alt meldt meg opp og kom tidleg fram i køyretimekøen og fekk gjort dette så fort det vart lov. Eg trur aldri eg hadde hatt mot til å melde meg opp eller korona braut ut.
Eg reiste ned til Bergen, venta på stengte tunnelar i tide og utide, men kom i mål og fekk lappen i juni. Ei og ei halv veke etterpå kjøpte eg min første sykkel, ein Yamaha XSR700. Den var gul og kul og talte til meg.
På min første tur med den, med stopp for å testa bollane på Espa, eg hugsar ikkje noko spesielt om dei bollane. Korfor er dette så populært eigentlig?
Eg var stolt, hadde endeleg kjøpt min eigen motorsykkel, eller moped som eg seinare skulle kalla det. eg var og veldig nummen, eg hadde det ikkje spesielt bra på den tida. Motorsykkelen var ei sånn greie som gjerde eg heldt det sånn ca gåande.
Den første turen heim frå Austlandet var lang, eg blir veldig sleten av å køyra med sykkel fann eg ut, ikkje var veret spesielt varmt heller, og eg hadde kledd for lite på meg, så eg måtte stoppa på Fagernes for å kjøpa eit til ullsett. Etterkvart har eg lært å kle meg litt då.
Her under stoppa eg på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Det var kaldt på fjellet, så eg måtte rista litt laus. I tillegg hadde eg nok ein veldig anspent køyrestilling, som dei fleste nye mopedistar har. Eg og mopeden, som eg seinare døypre til Bonnie kom oss heile heim.