Kvitsøy
Eg hamna på øya ute i havet i mai, og har alt jobba der i fem månadar no. Dette var alt anna enn planen, men sånn vart det. Eg har vorte øybu, iallefall i jobbperiodane, og i haust har eg vore så mykje på jobb på 12-9 ordninga at iPhonen min trur at Kvitsøy og Rogaland er heima.
Eg kjem ikkje frå nokon stolte maritime tradisjonar, sjølv om eg i motsetning til dei fleste som bur på Voss et mykje meir fisk enn kjøt. På Voss er torsken firkanta, frosen og kjem i ei pappøskje. Eg har aldri fanga ein fisk, fiska har eg gjort to gonger i livet, så det er kanskje ikkje så rart eg aldri har fanga fisk.
I vinter var eg i Sør-Troms og der hadde eg store planar om å fiska min første fisk, men tida flaug, eg rakk ikkje eingang å kjøpa ei fiskestang, eg rakk kun tenka på det. Og vipps sat eg på flyet heim, og så til Kvitsøy. No har eg fortsatt store planar om å fanga min eigen fisk, og bli meir maritim av meg.
Eg tenkjer det går fint å omfamna nye kulturar og tradisjonar seinare i livet, alt må ikkje vera medfødt. Ein dag, så er eg og båtvand, og eg har fanga mange fisk. Berre vent å sjå.
Her ute i havet er det ein butikk, Prixen, ellers må ein inn på fastlandet. Ein tur på fastlandet tek minst 3 timar, det er 1,5t mellom ferjene, så ein har 1,5t eller 3t til sine ærend på Kiwi og Rema1000 og bokhandelen. Ein får rikelig tid for seg sjølv til å sjå på havet på ferja, eller prata med kjende. Korleis blir livet for øyfolket som oppnår raskare kontakt med fastlandet, men mistar denne sosiale arenaen når tunnelen opnar?
Her ute er det høgaste punktet fyrtårnet, det er ekstremt flatt om du spør meg som kjem frå dei tronge dalane i indre Sogn. Et høgste punktet gud skapa når ho laga Kvitsøy er 28 moh, og det er på ei ubebudd øy som og er eit fuglereservat. Det er ifølge SNL den kommunen i Norge med det lågaste høgste punktet, det er og ein rekord å ha.
Landskapet er ulikt alt anna eg har vore borti før. Himmelen er gigantisk, og enn så lenge har me ikkje så mykje gatelys på Krågøy der me bur, så her er himmelen omtrent like stor som den eg såg i ørkenen i Australia. Himmelen var mørkare i Australia, og stjernene sterkare, og skyene ferre, men til og med vestlandet glimtar til med nokon fine dagar.
Ein kan følga sola sin bane der den står opp og går ned lenger og lenger mot sør no. Fargane ved solnedgang er intense samanlikna med dei på Voss, der er ingen fjell som skjuler noko.