Ingen nyttårsforsett

Ingen nyttårsforsett

Nytt år og nytt reisebrev. Dei som mislikte meg i fjor mislikar meg nok i år og, eg er ikkje vorte ein ny og bedre person i løpet av jul og nyttår. Ting er mykje likte som det har vore. Dei som likte meg i fjor fortsette nok og med det, sidan eg er mykje godt det samme som i fjor for nokon dagar sidan. Eg har ikkje tusen nyttårsforsett eg ikkje skal halde. Eg har planar om å klara pullups i år, det har eg hatt planar om i 1 år og 9 månadar no, det har ikkje skjedd til no, men eg ser for meg at i år kan eg komma dit. Eg trur ikkje pullups heller kjem til å gjera meg til eit nytt og bedre menneske, men det er eit kult flexetriks på gymmen.  

Det er kome snø på Kvitsøy, holmen er kvit for ein gangs skuld, ikkje grøn, eg mistenker likevel snøen er vekk like fort som den kom. Det er når snøen kjem at ein kan sjå kor lite kvit våre sauenaboar eigentlig er.  

Flytrafikken her i sør Norge tek tid no når det kjem snø. I fjor når eg var i nord Norge lærte eg at flyene før i tida i nord alltid gjekk i  uansett om det kom to meter snø eller ikkje, og at det snøa 2 meter kvar dag, minst. I fjor snøa det ikkje to meter kvar dag, og alle flyene gjekk ikkje rute. Det gjorde dei heller ikkje i sør Norge, likevel fungerte dei bedre enn toget til Voss.  

Eg leste i fjor på avisa Nordland i fjor under eit eller anna snøvær i sør Norge at det var som ein fin vårdag på Saltfjellet, eller som ein vanleg 17 mai. Eg har til no ikkje feira verken vår eller 17 mai i nord Norge eller på Saltfjellet, så eg veit ikkje. For min del frista bunaden lite i går og i dag.