Greta

Eg og Greta var på vår årlege tur opp til Tverberg, det er ein mykje lenger tur enn me brukar å ha. Då kan Greta sjå heimat, og testa om hestestemma ber heilt heim i år som i fjor. Både hestar og folk må av og til opp i høgda for å få ein oversikt over tingenes tilstand.

Greta
Utsikt over Voss

Eg og Greta var på vår årlege tur opp til Tverberg, det er ein mykje lenger trenigngstur enn me brukar å ha. Då kan Greta sjå heimat, og testa om hestestemma ber heilt heim i år som i fjor. Både hestar og folk må av og til opp i høgda for å få ein oversikt over tingenes tilstand.

Greta sitt rike i bakgrunnen

Me går ein rundtur der me går opp den gamle vegen forbi Selheim, og ned den nye vegen frå Tverberg mot Bjørko. Begge vegane passerer me elva, og må stoppa og t bilde. Det er litt motbakke opp frå Selheim, så ho klagar litt, og spør meg: er dette virkelg nødvendig? Eg hadde noko gras eg skulle ha ete, pluss at eg må passa på om Luna ponni og Rose gjer noko gale.

Me stoppar for å sjå på elva

Eg seier til Greta i år som i fjor at, du er ganske heldig samanlikna med forfedrene dine som måtte dra på folk og klyvja dei fleste dagar. Så me kjem oss opp til slutt etter litt diskusjon. Vinden har endå ikkje komme og blese ned lauvene, så det var mykje fine farger å sjå, heilt på slutte av turen kom det nokon vindkast som laga eit konfettiinferno av lauv rundt oss, artig synest eg, Greta tenkte nok mest på mat.

På Tverberg ser me Lønahorgi.