Den første lykta i advent

Den første lykta i advent

I dag tenner me den første lykta i advent, den første lykta tenner me for glede.

I dag hadde me gleda av å vere med på Kvitsøy si julegrantenning i stiv kulig frå sør, regn på tvers og heile 14 varmegrader.

Det er lite her som minner om at det er vinter, anna enn at dagane er korte. Skyene heng tjukt, så det er ikkje spesielt lyst ute på dagane heller.

Eg kjenner på eit sakn av vinterstemning og vinter, så eg prøver å suga til meg all anna julestemning no, gløgg, nøtter og julebrus.

Nokon spurde meg etter sist post kva som er den beste julebrusen. Det er sjølvsagt Lærum, og så har eg Hamar Lillehammer bryggeri på ein god andreplass.