Den fjerde lykta i advent
Vi tenner fire lykter i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.
Litt bokmål kopiert inn frå dette nynorsk menneske på denne fjerde lykta i advent.
I fjor på denne tid ar det mykje snø og verden såg ut som eit vinter eventyrland. Eg og Greta fanga juletre nokon dagar før jul. Ho er offisiell juletrehest i år og. I fjor stakk ho av og forsvann oppi bakken når eg dreiv å leita etter eit tre som er lite nok til å passa inn i ei blokkleiligheit, i år sørga eg for god nok fortøyning.
Bøndene var glad når traktoren og lastebilen tok over, dei har litt færre eigne meiningar. Bestemor mi sa det var ein stor lettelse, ho likte aldri desse hestane. Eg trur ho aldri sjønte korfor folk driv med fjording som hobby når ein ikkje må ha hest for å driva gard meir.
I år var det null snø når me fanga treet, og heldigvis null regn, eg tok den eine dagen utan regn, sjølv om det var litt tidleg før julafta. Jul er oppdikta uansett, så eg bestemte at i år starta jula på solsnudagen. Om sola har snudd eller ikkje er uvisst på vestlandet, sidan sola var bak ei sky 10:20 laurdag.
Til jul brukar eg å kjøpa gulrot og gje til hestane, ein skal vere snill med dyrene har eg lært heima. Pinnakjøt et dei ikkje. Gulrot er ikkje noko dei får så ofte, så det er ein fin takk for innsatsen for året som har gått.
Guds fred over dyran på båsen
Og ei frossen og karrig jord
Hestane som bur ute har god oversikt over dette med når sola snur og vær og vind. Omlag 2 juledag kvart år startar dei å røyte av all vinterpelsen dei har laga seg utover hausten. Og cirka all pels dei røyter blir overført til meg, så eg ser ut som eg prøve å kle meg ut som hest, denne pelsen hamnar så i bilen og på badet mitt.
Hestane har enorme lunger samanlikna med oss, så dei kan pusta ut store mengder varm luft på vinteren. Noko dei brukar å gjere ned i nakken min, her er den store skrekkblanda fryden at ein aldri heilt veit om dei har tenkt å bita, eller berre pusta deg ned i nakken og pusa med mulen. Ikkje rart Besto og andre gledde seg over maskinene som ikkje beit.
Når eg sit og skriv desse reisebrevene dukkar det opp masse tekst og assosiasjonar som har komme fordi eg har snakka med ulike folk. Eg var i Bergen på Litteraturhuset sin bokhandel, og der sa Judith Hermann sin ¨Vi skulle fortalt hverandre alt¨, til meg, kjøp meg, les meg, og så eg gjorde. Ho skriv om forfattargjerninga utan å skriva om forfattargjerninga. Wir hätten uns alles gesagt, som den heiter på tysk. Er det noko eg gjerne skulle ha kunna, så er det så flytande tysk at eg kan lese tyske bøker.
Alt handlar om folk som har snakka om ting, som seinare har blitt til idear i hodet, og så har det vorte tekst. Det er nokon som har hatt større påvirkning på meg enn andre der. Nokon har hamna inn i reisebrevene mine og.
Noko anna som og er kjekt på tysk er filmen ¨das Boot, directors cut¨, tyske menn i ubåt er julefilm for meg, eg kan sitta trygt på sofaen og late som eg er Kapitänlautnant Hylland som er sjef over min eigen ubåt. Tysk er høgt på lista over fine språk som rører meg. Eg øver litt innimellom, men det har aldri vorte noko heilhjerta forsøk på å kunne tysk endå.
Med dette var denne lyktekalendaren frå innlandsmatrosen over. Lesaren må ha ei god julehøgtid.