Den andre lykta i advent
No tenner me den andre lykta i advent, den tenner me for håp og glede.
Eg har tidleg fri før jul i år. Snøen let venta på seg i år dessverre, så eg håpar den kjem snart. Eg har lyst på ski. I fjor gjekk eg fine skiturar i jula. Det er no uansett ikkje uvanleg med mildvær og lite snø i vest i desember. Eg ser folk i Nord-Norge har fått snø, og eg er litt misunnelig på dei.
Eg har runda av jobbåret for i år, har 3,5 veker fri, og godt er det. I år har det skjedd masse forskjellig på jobbfronten som eg aldri hadde sett for meg for nokon år sidan. Så får eg sjå kva jobb bringer neste år.
I fjor stod det Nordpolen og Reisen til julestjernen på skjermen på flyplassen når eg reiste heim til jul, i år reiste eg nok heim litt tidlig for det. Det var heller masse kansellerte fly sidan Widerøe har gå sakte aksjon. Stavanger flyplass har ikkje like fin innflyging som Evenes spør du meg, men det får stå sin prøve når jobben er 100 ganger meir spennande. Eg synest det er fint å vera nede i tunnelen under havet.
Desember i vest utan snø er ganske kjedelige greier spør du meg, så eg tenker tida kjem til å gå med til kreative prosjekt inne, og trening. Eg er snart ferdig med ein gensar, skal laga ein til gensar, og ei hua. Og eg skal lesa gjennom skriveprosjektet mitt frå i haust, det blir skummelt.