Bakt pota, strikking og ventetid
På Voss har det opna ei ny vogn som sel bakt pota med fyll i haust ein gong. Eg er litt sein på trendane, orkar ikkje stå lenge i kø, men no fann eg tid og stad. Og berre sjå nedanfor, under alt baconet er det ei bakt pota. Her tilrår eg å hugsa drikka om du skal prøva deg på ei slik. Den er enorm og salt, men kjempegod når du skal ha noko for å deppa litt i bilen over evig regn og alt anna som kan gå gale i livet ditt.
Eg har sete mykje på sofaen i ferien. Ting har ikkje gått som eg har tenkt og det har gitt enormt med ledig tid. Det er til ettertanke. Eg har kun vore vekke frå trening i 2,5 veker. Likevel kjennest det som eg er riven ut av livet mitt. Eg har hatt så etablerte rutinar for kva eg skal gjere, eg synest sjølv rutinar er det beste ein kan ha for å nå mål og gjennomføra.
Eg har gjort mykje mindre enn vanlig, surra, hatt mykje tankesurr, tankespinn. Mykje ting som ikkje er verdt å bruka tid på som dukkar opp.
Dette får meg til å tenka, tenk om det skjer noko som er mykje meir langvarig, eg har vore ute med skade lenge før, og ikkje handtert det bra. Korleis få til å ha det bra med meg sjølv. Korleis endra og justera mål ein har satt for å ha det bra og ha overkommelige ting å fokusera på?
Strikking er fint. Men eg får ilt i armar av å strikka for masse, det er for statisk. Eg er ellers blitt litt som bestemor mi var, strikkar og gir småstrikk til folk fordi eg meiner dei treng det, ikkje fordi fargevalget alltid er fint.
Til høgre er vegarbeidshua. Den er skrikande orange, med tradisjonsrikt mariusmønster. Ikkje heilt godkjent av vegvesenet som synligheitsbekledning, ei heller godkjend som potta på hovudet. Den er likevel veldig synleg, skal du inn på butikken og kjøpa deg kyllingvinger, eller stå i bakt pota kø i vinter er den fin og ha for å ikkje frysa og for å bli sett i køen. Den er laga i eit eksemplar, så veldig limited edition. Den blir donert til trengande i vegarbeidsbransjen.
Til venstre er bol på gensar eg arbeidar med.
Eg les på Nansen sine brev til Brenda Ueland. Eg les litt og litt, vil ikkje sluka det. Det var jo slik før. Ingen av dei leste jo alle brevene som bingewatching ei helg.
Eg har ikkje hatt konsentrasjon til å lesa noko anna. Prøver, opnar ei bok, og legg den vekk.
Det har vore fint å setta seg ned å skriva desse inleggene når eg ellers føler hjernen er ein svamp, eller ei innskrumpa drue, og følelsane er innom sinne, frykt, hat, hevn, misunnelse, uro i ulike intervall. Så lite teneleg det er å hata seg sjølv for det som har gått galt, og som aldri blir rett igjen.
Eg prøver å tenka på alle andre ting som har gått kjempedrit, og der ting likevel har blitt bedre etterpå.
Tenk om det går bedre enn eg hadde trudd no då?
Måtte lesaren ha ein fin kveld.