Arctic circle raceway
Litt av mine morgonside og mobilnotat frå dagane på ACR, ganske ufiltrert. Mopeden min og kartet over bana.
Dag 1 på ACR
På mopeden min, med relativt mykje power.
Eg reiste ut på bana med ærefrykt og litt nerver. Det skal ein ha.
Me har hatt alt frå regn til sol.
Eg er i gruppa med nokon som er litt flinkare enn meg i svingane, litt raskare. Så eg føle eg henge litt etter ei stund. Det følest som milevis, men er eigentlig ikkje så langt bak.
Eg føler med som Fabio Quarteraro på den blå Yamahaen min. Eller som nokon som ikkje har køyrd moped i nok år til å ha ein verstingmoped. Litt begge delar.
Eg føler meg og som den som har kjøpt ein større moped enn eg treng. Eg kjøpte den fordi den er fin, ikkje fordi eg på død og liv treng ein så stor moped. Noko fint skal ein unna seg i livet.
Utover dagen går det bedre og bedre i svingane synest eg. Dekkene har vore bra varme. Så føler eg, kanskje høyrer eg til på den store mopeden alikevel.
Det er vanskelig slike plassar. Ein samanliknar seg med folk som har køyrd meir på bane enn ein sjølv. Ein skal ha nokon rundar for å bli god. Tørra å ver litt dårlegare for å bli bedre. Det er uansett kanskje berre mine tankar i hove. Andre seier jo eg køyrer veldig fint, og at farta kjem etterkvart.
Tankar gjort over eit herregårdsmåltid på YX Storforshei.
Dag 2 på AcR
I got this. Eg høyrer til her.
Både eg og mopeden er like heil. Eg er sveitt og sleten og varm. Det er varmt i skinndressen.
Eg har fått masse nye venner. Eg kosar meg. Eg føler livet smiler. Eg må passa på å ikkke bli for kjepphøg. Eg køyrer fort. Eg kosar meg. Ikkje bli for kjepphøg no. Hald fokus. Køyr konsentrert og rett så fiksar du dette. Ikkje få ein lowside.
For eit fint miljø på bana. Eg føler meg så velkommen. Så heima.
Det er så kjekt å vera her oppe å køyra. Så ekte kjekt. I dag kjende eg på meistring. I går kjende eg at eg pusha det.
Brems inn i sving. Hald blikket oppe. Ikkje sjå ned. Var eg oppe i 200?
Drikk mange liter. Det er varmt i skinndressen. Dette fiksar du.
Dag 3 på ACR
Folk reiser tidleg heim. God plass på bana. Eg er sliten. Ssite køyredag. Eg har ovre rundt folk heile dagen i fleiere dagar no. Elskar å vere her, vil likevel kvile, ha fred no.
Kveldane her oppe. Det er lyst og fint. Ingenting spektakulert med nordlandsnaturen her, kun ei bane, skog og lyse nestter. Ingen DB krav på bana, alle som køyrer RR mistar tilfeldigvis sine lyddemparar.
Eg har møtt så masse fine folk. det er noko eige, noko magisk med desse eventene der MC folk møtast for å køyra på bana. Eg i tiletet mitt, dei fleste andre sov i bubilar og hengarar.