Adventshelg på ei øy

Adventshelg på ei øy

Det er tid for adventsreisebrev frå den eviggrøne øya. Det er ekstremt grønt ute til å vera slutten av november, noko som er ganske uvanleg for meg. Temperaturen er som vanleg 8-11 grader, dette i skarp kontrast til desember i fjor når eg var i sør-Troms, der det var kaldt, fin vinter og fine fargar på himmelen.  

Her ute feirar me det meste som feirast kan, og det er ein god innstilling synest eg. Denne helga er det kakefeiring for første salve på skiftet. Eg og Henrik fekk vår illdåp på kartlegging i eit kryssområde i viftehallane. Vanligvis starta folk med dette på tunnel rett fram, fordi det meste av tunnel er rett fram. Me gjekk rett på top levelen, så det vart litt kaos i hodet mitt med strek på pad, og tunnellinjer som går her og der, men me kom i mål med dette og. Dette er det all grunn til å feira tenker eg. Kaoset i hodet vil nok avta litt når me kjem bedre inn i tingene.  

Min svenske kollega fortalte meg at julebrusen dei har i sverige er mørk, ser ut som cola og heiter Julmust. Eg, vestlending, har lite kontakt med svenske tradisjonar, så dette var nytt for meg. Eg har faktisk vore like mange ganger til Hong Kong som til Sverige, så Sverige kan omtrent likestillast med den fjerne østen for meg. Dette kom me fram til over ei julebrushylle på Prixen, den einaste samlingsplassen på øya. Her stod eg og var stressa over at dei har julebrus frå Berentsen, og ikkje noko anna, eg har ikkje eingang høyrd om den, og alle veit jo julebrustradisjonar er seriøse greier.

Eg har gått tur og møtt væren på øya. Han var ein kraftig type samanlikna med sauene. Ha stod oppå ein bakketopp og prøvd å sjå morsk ut.  

-Hei, kven er du som går tur på beitet mitt? 

Eg har vokst opp med sau, og har derfor lågt utvikla frykt for sau, sånn i motsetning til dette med sjø og bølger. Der er eg ei stor pyse som møter litt indre drama når me skal kryssa over til Kvitsøy. På mandag opplevde eg stort drama igjen med masse bølger, så fortalte eg mine kollegas eg møtte nede om det, dei sa - næææ, var det bølger? Eg veit ikkje om dei meiner det eller berre fucker med meg.

Dette med øylivet på ei øy utan fjell har eg tilpassa meg bedre enn eg hadde trudd på førehand, og no går det ganske fint. Eg hadde mykje uro for dette i starten, no tenker eg det er fint å sitta nede med kaffien mellom nattskiftene og sjå på fyret og dei grøne bakkane. Ein tilpassar seg jo det meste om ein som meg er vand med å reisa mykje. Livet utan fjell var likevel noko eg trudde kom til å sitta langt inne.